Korttidsopphald og opptrening i institusjon

Med korttidsopphald meiner vi eit tidsavgrensa opphald i institusjon gjeve som døgnopphald, dagsopphald eller nattopphald. Korttidsopphald kan tildelast for rehabilitering, observasjon og medisinsk vurdering som ikkje krev sjukehusinnlegging.

Kva tilbyr vi?

  • Brukarane får individuell observasjon, pleie, behandling og rettleiing, der målet er at dei skal greie mest mogeleg sjølv.
  • Medisinsk behandling og pleie ved sjukdom.
  • Rehabilitering
  • Førebyggande tiltak / veiledning / rehabilitering
  • Det vert ytt tverrfagleg oppfylging frå bl.a. lege, fysioterapeut og ergoterapeut. Tilsynslege kan henvise  til fysioterapeut og spesialisthelseteneste ved behov.
  • Leggja til rette for at brukarar har nødvendige hjelpemidlar.
  • Vurdering av tilstand og funksjonsnivå med tanke på behandling, tiltak og framtidige omsorgsbehov.
  • Etterbehandling frå sjukehus.
  • All pleie og omsorg vert gitt i samarbeid med autorisert helsepersonell.
  • Legemiddelhandtering vert utført av autorisert helsepersonell etter føreskriving av lege.
  • Tilbud om å delta på sosiale aktivitetar ved institusjonen.
  • Pleie og omsorg ved livets slutt.

 

Kven kan få tilbodet?

  • Tildeling av tenesta blir gjort med bakgrunn i kartlegging av brukar sine ressursar og behov, etter individuell/tverrfagleg vurdering.
  • Det blir sendt ut skriftleg vedtak med målsetting og beskrivelse av tenesta.
  • Betaling av tenesta vil framgå av vedtaket
  • Kontakt med andre tenester blir vurdert ved behov

Her kan du lese

Tildelingskriterie korttidsopphald for avlastning i institusjon (PDF, 193 kB)

 

Korleis få tilbodet?

Søknadsskjema finn du her.

Dersom du skal søke eller si opp tenesta, har spørsmål o.l. kan du ta kontakt med: Sundheim Bo- og Treningssenter, 2640 Vinstra. Tlf. 61 21 64 00. Avdeling Korttid / rehabilitering.

Om du er innlagt på sjukehus og treng korttidsopphald etter utskriving frå sjukehuset, vil sjukehuset i samråd med deg, sende søknad til Sundheim.

 

Kva kostar det?

Eigenbetaling, iht. Forskrift om eigenandel for kommunale helse- og omsorgstenester, skjer på grunnlag av netto inntekt av samla skattbar inntekt for husstanden.

Betalingssatsar for pleie og omsorgstenester 2024
Type teneste Pris Kommentar
Korttidsopphald på Sundheim Statlig sats - prisjusteres nasjonalt i desember 193 pr. døgn dei 60 første pr. kalenderår
Dag-/natt-opphald på Sundheim Statlig sats - prisjusteres nasjonalt i desember 110 pr. dag / natt
Betaling for transport til dagaktivitetstilbud på Sundheim 64 Tur/retur
Ambulerande vaktmester 406 pr. time. Sjølvkost for hjelp frå ambulerande vaktmester som ikkje er lovpålagte oppgåver er kr. 406/ time. Hjelp til lovpålagte oppgåver som til dømes vedbæring skal det betalast etter prisliste som for heimehjelp/praktisk bistand.
Utkjøring/tilbakelevering av hjelpemidler frå lokalt lager 208 pr kjøretur
Matombringing til heimebuande 105 pr. porsjon. Ny sats frå 15.06.23 - gjeld til 31.12.24
Salg av middag på Sundheim 158 pr. porsjon. Ny sats frå 15.06.23 - gjeld til 31.12.24
Tøyvask 19 pr. kilo (sjølvkost)
Tryggingsalarm type 1 266 pr. mnd. For andre som ikkje er avhengig av alarm for å kunne bu heime
Installering av tryggingsalarm type 1 141 Eingangs sum
Tryggingsalarm type 2 Gratis For dei som er avhengig av det for å kunne bu heime
Installering av tryggingsalarm type 2 Gratis
Nøkkelboks Gratis

 

Lovgrunnlag

Tilbudet  er lovpålagt med heimel i lov og helse- og omsorgstenester § 3-2, punkt 6 bokstav c, plass i institusjon herunder sjukeheim.

Opningstider

Alle dagar: kl. 08:00 - 15.30

Adresse

Sundheimvegen 30, 2640 Vinstra

 

 

Kart