Nord-Fron kommune

Korttidsopphald for avlastning i institusjon

Korttidsopphald for avlastning i institusjon

Pleietrengande som bur heime kan få eit opphald på institusjon i eit tidsavgrensa tidsrom slik at dei som har den daglege omsorgen kan få avlastning.

Kva tilbyr vi?

Tidsavgrensa opphald i institusjon for den som er pleietrengande. Inneheld pleie- og omsorg for ivaretaking av grunnleggande behov, men ikkje utgreiing, behandling og rehabilitering.

Kven kan få tilbodet?

  • Personar og familiar som har eit særleg tyngande omsorgsarbeid.
  • Omsorgsbehovet er slik at den omsorgstrengande ikkje kan vera åleine heile eller delar av døgnet, og gir avgrensa mogelegheit til nødvendig og regelmessig ferie og fritid for omsorgsytar.
  • Omsorgsbehovet kan vera av fysisk, psykisk eller sosial karakter og det må medføre større behov for hjelp enn det som normalt forventast til alder (gjeld spesielt barn).
  • Den omsorgstrengande må ha eit omfattande og varig omsorgsbehov, og som i hovudsak blir ivaretatt av privat omsorgsgjevar.

Her kan du lese

Tildelingskriterie for korttidsopphald for avlastning i institusjon. (PDF, 193 kB)

 

Korleis få tilbodet?

 

Dersom du skal søke eller si opp tenesta, har spørsmål o.l. kan du ta kontakt med: Sundheim Bo- og Treningssenter, 2640 Vinstra. Tlf. 61 21 64 00.

 

Kva kostar det?

Tenesta er gratis.

Lovgrunnlag

Avlastning er lovpålagt med heimel i lov om helse- og omsorgstenester §3-6, punkt 2 - Avlastningstiltak.

Kontakt

Sundheim Bo- og Treningssenter
E-post
Telefon 61 21 64 00

Opningstider

Alle dagar: kl. 08:00 - 15.30

Adresse

Sundheimvegen 30, 2640 Vinstra

Kart