Sjukeheimsplass - heildøgnsomsorg

Langtidsopphald er eit tilbod for personar som har behov for døgnkontinuerleg omsorg og hjelp, og som ikkje er i stand til å ta vare på eigen omsorg, sjølv med hjelp frå heimetenesta.

Kva tilbyr vi?

Institusjonsbasert omsorg er eit tilbud til personar med omfattande behov for hieldøgns pleie- og omsorg på grunn av sjukdom og – eller funksjonshemming, og der behovet for hjelp ikkje kan ivaretas i heimen. Sundheim Bo- og Treningssenter gir sjukepleiefaglege tenester, medisinsk behandling av korttidsbebuarar og langtidsbebuarar. Det er tilrettelagt tilbud for alders demente og det gis eit pleie- og omsorgstilbud for dei alvorleg sjuke med samansatte pleiebehov og ved livets slutt.

Sundheim Bo- og Treningssenter - langtidsavdelinga - har 36 langtidsplassar og tilbyr nødvendige og forsvarlige helse- og omsorgstjenester, jf. helse- og omsorgstjenesteloven § 3-2 a, isamsvar med rettighetsbestemmelse i pasient- og brukerrettighetsloven § 2-1 e.

Kven kan få tilbodet?

Den som har behov for pleie og omsorg ei lengre periode kan søkje denne tenesta.
Hovedkriteriet er at langtidsopphald i sjukeheim blir tildelt personar med behov for oppfølging av medisinsk behandling og pleie og tilsyn. Andre kriterier som skal vektleggast ved vurdering for tildeling er:

a. Personar som har behov for langvarige helse- og omsorgstenester gjennom heile døgnet, der andre aktuelle tenester har vore forsøkt utan å dekke nødvendig og forsvarleg behov for helse- og omsorgsteneste.

b. Personar med hjelpebehov der nødvendig kompetanse og utstyr for å sikre helseoppfølging og behandlingar kun kan gis i sjukeheim.

c. Personer i livets sluttfase med behov for tilsyn og omsorg gjennom heile døgnet.

d. Personar med langtkomande demensliding som har behov for kontinuerleg oppfølgning, skjerming og omsorg gjennom heile døgnet.

Sundheim Bo og Treningssenter v. langtidsavdelinga skal så langt det er mogeleg legge til rette for at ektepar som har fått vedtak om langtidsplass og som ønskjer det skal få bo i nærleiken av kvarandre (naborom/same avdeling).

Her kan du lese

 

Korleis få tilbodet?

Søknadsskjema finn du her.

Svaret skal minimum vere i form av eit standard svarbrev der søkjar m.a. får vite når saka er forventa ferdigbehandla.

All tildeling av tenester blir gjort  med bakgrunn i kartlegging av brukaren sine ressursar og behov etter individuell og tverrfagleg vurdering.

Kva kostar det?

Kommunen si beregning av eigenandel følgjer av forskrift om eigenandel for kommunale helse og omsorgstenester.

Opningstider

Alle dagar: kl. 08:00 - 15.30

Adresse

Sundheimvegen 30, 2640 Vinstra

 

 

Kart