Slik søkjer du helse- og omsorgstenester. Tildelingskontoret: tlf. 45377365 Har du behov for helse- og omsorgstenester finn du informasjon og skjema under. Slik søkjer du For dei aller fleste tenestene kan du søkje via skjemaet søknad om helse- og omsorgstenester. Skjema finn du under. Velg skjema med innlogging, så vil utfylt skjema automatisk og trygt havne hjå mottakar for behandling. Slik behandler vi søknaden din For søknader som blir behandla av Tildelingskontoret kan du forvente følgjande: Vi tek ei samtale med alle nye brukarar, og dersom det er endringar ditt i tenestebehov. Det er viktig for oss å utgreie ditt behov i samarbeid med deg som søkjer - Kva er viktig for deg? Ditt behov for tenester blir utreda i samsvar med gjeldande lover og forskrifter. Tenestebehovet blir utreda med respekt for, og med utgangspunkt i dine ressursar, ditt ansvar for eige liv og den livsfasen du befinn deg i. Du blir informert og rettleia om eventuelle andre tenester som kan bidra til sjølvhjelp. Vi har teieplikt og alle opplysningar om deg blir behandla på ein måte som sikrar ditt personvern. Når søknaden er behandla, sender vi skriftlig svar til deg som søkjer. Vedtaket blir begrunna og vi spesifiserer kva du får bistand til. Informasjon om vedtaket gis til avdelinga som skal gje deg tenesta. Denne eller desse har ansvar for iverksetting og oppfølging av vedtaket. Informasjon om søknad om andre helse- og omsorgstenester Henvisningsskjema ergoterapi (PDF, 449 kB) Søke sjølv om frisklivsresept (PDF, 38 kB) Skjema Prisar Relaterte artiklar Linkar Publisert 31.08.2021 11.57 Sist endra 24.01.2023 09.29