BookBites er ein app til telefon og nettbrett du kan bruke for å lese e-bøker og for å høyre på lydbøker. Det er gratis å laste ned appen og låne bøker i Bookbites. Du må ha eit lånekort frå biblioteket for å registrere deg som brukar.
For å få ein brukar i BookBites treng du ei gyldig e-postadresse og eit lånekort frå biblioteket. Har du ikkje lånekort frå før kan du lage deg eit her.
Last ned appen BookBites i App Store eller Google Play.
Opprett brukar og følg instruksane.
Du kan lage ein brukar med ei gyldig e-postadresse og sjølvalt passord, eller du kan bruke ein eksisterande Facebook-, Google- eller Apple-konto.
Når du lagar brukar må du leggje inn lånekortnummer og pin-kode og deretter velgje ditt bibliotek.
Dette gjer du berre fyrste gongen. Når du seinare skal logge inn i appen brukar du e-postadressen din og passordet du har valt, eventuelt andre innloggingsmetoder (Facebook, Google eller Apple ID).
Her får du meir hjelp til innlogging og bruk.