Nord-Fron kommune

Nord-Fron bibliotek

Nord-Fron bibliotek

Klikk for stort bilete 

Nord-Fron Bibliotek finn du i store, fine lokaler i Nedregata 50 på Vinstra, i 1.etg. på Kommunehuset, der vi er samlokalisert med Servicetorget.

Biblioteket har eit stort og variert utval av bøker - nye og eldre, lydbøker, filmar/TV-serier, faglitteratur og skjønnlitteratur, for alle aldersgrupper. 

Du finn også eit utval aviser og tidsskrift, har lesesalsplassar, leseapparat for mikrofilm, PC-ar og trådlaust nett. 

Biblioteket har også utstillingsplass for lokale kunstnarar, både profesjonelle og amatørar.

Ved inngangsdøra til biblioteket/servicetorget er det eiga luke for innlevering av bøker o.a. utanom opningstid

Kontakt

Nord-Fron bibliotek
E-post
Telefon 61 21 62 20
Arne Steinvik
Biblioteksjef
E-post

Åpningstider

Måndag 12.00 - 19.00

Tysdag  09.00 - 14.00

Onsdag 12.00 - 19.00

Torsdag 09.00 - 14.00

Fredag  09.00 - 14.00

Laurdag 10.00 - 14.00

Biblioteket har stengt julekvelden, nyttårskvelden, påskekvelden og pinsekvelden. Vi har sommaropningstider i skuleferien; desse blir annonsert.