Fritidsstipend for barn og unge i Midt-Gudbrandsdalen

 

 Nord-Fron, Sør-Fron og Ringebu kommune tilbyr fritidsstipend til barn og unge. 

Målet med tilskotsordninga er å legge til rette for at alle barn og unge skal ha mogleik til mestring og samfunnsdeltaking ved å delta i fritidsaktivitetar. 

Målgruppa er sårbare barn og unge opp til 24 år som av ulike grunnar ikkje har økonomisk mogleik til å delta i fritidsaktivitetar.  

Fritidsstipend gjeld for: 

  • Kontingentar til faste organiserte fritidsaktivitetar der det blir betalt ei fast deltakaravgift (ikkje treningssenter). 

Søknadsfrist: 
Årleg søknadsfrister er 1. mai og 1. desember. Du søkjer til din bustadskommune. 

  • Ordninga er finansiert med kommunal eigenandel og med tilskot fra BUFDIR-ordninga "Tilskudd til inkludering av barn og unge." 
  • Budsjettet er begrensa og vil bli fordelt innafor tilgjengelege midlar.  Dvs. ingen har krav på å få innvilga sin søknad. 
  • Oppgjer for deltakaravgift foregår mellom kommunen og organisasjonen. 

 
Vi opplyser også om: 

  • UngINN - kulturkort for ungdom - Innlandet fylkeskommune kan bestillast av alle i alderen 13-21 år og gir rabatt på mange ulike kulturopplevingar i Innlandet. 

  • Ved  BUA Vinstra kan du leige idrett- og fritidsutstyr for kortare periodar. 

  • Idrettslaga i kommunen har via samme ordninga nokre tilgjengelege midlar til deltaking på cup eller samlingar for enkeltdeltakarar.  Ta kontakt med den enkelte lagleiar ved spørsmål. 

Søk om fritidsstipend for Nord-Fron kommune her!

Kontakt

Erik Tøftestuen
Tjenesteleder
E-post
Telefon 61 21 62 76
Mobil 91 59 73 93
24.02.2013 22:15:35