Nord-Fron kommune

Etablererprøve for serveringsstad

Etablererprøve for serveringsstad

Kva er pensum?

Boka "Læremateriell - Etablererprøven for serveringsvirksomheter" er pensum. Servicetorget i Nord-Fron kommune har eit eksemplar av boka til utlån. I tillegg kan du kjøpe materiell som nettkurs og pensumhefte samt få moglegheit til å teste deg sjølv på vinn.no.

Kven kan ta prøven?

Alle som ønsker det kan ta etablererprøven. Om du skal vere dagleg leiar på ein serveringsstad, og servere mat og alkoholfri drikke, må du ha bestått etablererprøven.

 

Kva kostar det?

Bevilling -etablerarprøven - pris
. Pris
Etablerarprøven - pr. prøve 400,00

Kvar tar du prøven?

På Servicetorget i 1. etg. på kommunehuset.

Gjennomføring av prøven

  • Du må legge fram gyldig legitimasjon som pass, førerkort eller bankkort med bilde.
  • Du må levere frå deg telefonen før du tar prøven.
  • Prøven er ei elektronisk fleirvalsprøve med varigheit på inntil 90 minutt. Du må svare rett på 40 av 50 spørsmål.
  • Prøven er på norsk, det er ikkje anledning til å ha med tolk eller bruke ordbok. Det er tillatt å bruke lovsamling, det kan du få låne i servicetorget.

Tilrettelegging ved spesielle behov

Om du har dysleksi kan du få 30 min ekstra tid (krev legeattest).
Er du svaksynt, har lammelser, nedsett hørsel eller andre utfordringar legg vi til rette så langt det lar seg gjere. Tilrettelegging må avtalast på førehand.

Kor mange gonger kan du ta prøven?

Du kan ta prøven på nytt heilt til du består. Du må betale pr. prøve.

Påmelding

Ta kontakt med oss på telefon 61216100 eller på  e-post for å avtale tid.

Prøvebevis

Alle som består etablerarprøven får eit prøvebevis som det er viktig å ta vare på, det er dokumentasjon på at du har nødvendig kunnskap. Beviset er gyldig på ubestemt tid. Vi lagar beviset medan du ventar eller vi kan sende det til deg på e-post.

Lover og reglar

Oversikt over lover og reglar som gjeld for servering-, sal- og skjenkestadar.

Kontakt

Kristin Bårdsløkken
E-post
Telefon 61 21 62 32

Opningstider

Måndag - fredag 08.00 - 15.30

Servicetorg / sentralbord Måndag - fredag 09.00 - 14.00

Adresse

Nord-Fron kommunehus

Nedregata 50

2640 Vinstra

Kart