Nord-Fron kommune

Kunnskapsprøve for skjenke- og salsløyve

Kunnskapsprøve for skjenke- og salsløyve

Det er to typer kunnskapsprøver, ei for salsløyve i butikk og ei for skjenkeløyve på restaurant/bar/pub.

Kven kan ta prøven?

Alle som ønsker det kan ta kunnskapsprøven. Den som søker om å bli godkjent som styrar eller stedfortreder på stader med sals- eller skjenkeløyve må ha bestått prøven. For å bli godkjent som styrar eller stedfortreder på ein stad med skjenkeløyve må du ha fylt 20 år. Om du skal vere dagleg leiar på ein serveringsstad, og servere mat og alkoholfri drikke, må du ha bestått etablererprøven.

Kva er pensum?

  • Pensum for salsløyve: Kunnskap om alkohollova sine kapitler 1, 3, 7, 8 og 9 med forskrifter.
  • Pensum for skjenkeløyve: Kunnskap om alkohollova sine kapitler 1, 4, 5, 7, 8 og 9 med forskrifter.

Boka "Kunnskapsprøven i alkoholloven" inneheld det du treng å vite før du tar kunnskapsprøven for sals- eller skjenkeløyve. Servicetorget i Nord-Fron kommune har eit eksemplar av boka til utlån. I tillegg kan du kjøpe materiell som nettkurs og pensumhefte, samt få moglegheit til å teste deg sjølv, på vinn.no.

 

 

Kva kostar det?

Bevilling - Kunnskapsprøven - pris
 
Pris
 
Kunnskapsprøven - pr. prøve 400,00  

 

Det blir sendt faktura etter at prøva er avlagt

 

Kvar tar du prøven?

På Servicetorget i 1. etg. på kommunehuset. Du  kan også ta prøva i andre kommuner.

Gjennomføring av prøven

  • Du må legge fram gyldig legitimasjon som pass, førerkort eller bankkort med bilde.
  • Du må levere frå deg telefonen før du tar prøven.
  • Prøven er ei elektronisk fleirvalsprøve med varigheit på inntil 60 minutt. Du må ha færre enn 7 feil for å bestå.
  • Prøven er på norsk, det er ikkje anledning til å ha med tolk, men du kan bruke norsk ordbok.

Tilrettelegging ved spesielle behov

Om du har dysleksi kan du få 30 min ekstra tid (krev legeattest).
Er du svaksynt, har lammelser, nedsett hørsel eller andre utfordringar legg vi til rette så langt det lar seg gjere. Tilrettelegging må avtalast på førehand.

 

Kor mange gongar kan du ta prøven?

Du kan ta prøven på nytt heilt til du består. Du må betale pr. prøve.

Påmelding

Ta kontakt med oss på telefon 61216100 eller på e-post for å avtale tid.

Prøvebevis

Alle som består kunnskapsprøven for skjenke og salsløyve får eit prøvebevis som det er viktig å ta vare på, det er dokumentasjon på at du har nødvendig kunnskap. Beviset er gyldig på ubestemt tid. Vi lagar beviset medan du ventar eller vi kan sende det til deg på e-post.

Lover og reglar

Oversikt over lover og reglar som gjeld for servering-, sal- og skjenkestadar.

Kontakt

Kristin Bårdsløkken
E-post
Telefon 61 21 62 32

Opningstider

Måndag - fredag 08.00 - 15.30

Servicetorg / sentralbord Måndag - fredag 09.00 - 14.00

Adresse

Nord-Fron kommunehus

Nedregata 50

2640 Vinstra