Nord-Fron kommune

Omsetningsoppgåve for alkohol

Omsetningsoppgåve for alkohol

Alle med salgs- eller skjenkeløyve skal kvart år, inna den fristen kommunen har sett, sende inn omsetningsoppgåve for alkoholomsetninga i foregående år og forventa omsetning i inneværende år. Her finn du rapporteringsskjema som skal brukast.  Innsendt omsetningsoppgåve legg grunnlaget for fakturering.

Det presiserast at gebyr for bevilling gitt for ein bestemt del av året eller for eit enkelt bestemt høve etter alkoholloven § 1-6 tredje ledd, skal beregnast på same måte som dei ordinære bevillingane, dvs. etter omsatt vareliter av dei ulike gruppene alkoholholdig drikk, eller minimum minstegebyr.

Her finn du gebyrsatsar for sal og skjenking gjeldande frå 1. januar 2021 (PDF, 479 kB) (fastsett av Helse-og omsorgsdep. av 26.10.20 ).

For slike bevillinger skal det sendast inn omsetningsoppgave ved endt arrangement og seinast innan 2 månader etter endt arrangement. Innsendt omsetningsoppgave danner grunnlag for fakturering og blir fakturert fortløpande.

For meir informasjon: Bevillingsreglement og retningsliner for kontroll med salgs- og skjenkebevillinger (PDF, 502 kB).