Nord-Fron kommune

Serveringsløyve

Serveringsløyve

 

Når treng du serveringsløyve?

Du må ha serveringsløyve dersom du planlegg å starte ein stad kor det skal serverast mat eller drikke.

 

Korleis få serveringsløyve?

Dagleg leiar av staden må ha bestått etablerarprøven for å kunne søke om serveringsløyve. Løyvet blir gitt til selskapet som eig staden.

Korleis søke?

Elektronisk søknadsskjema finn du her.

Pålogging: MinID eller BankID. Hjelp til å logge på.

Du vil bli bedt om å laste opp vedlegg, søknaden vil ikkje bli behandla før alle nødvendige vedlegg er mottatt.

Vedlegg til søknad:

  • Stadfesting på bestått etablerarprøve
  • Firmaattest
  • Teikning av lokalet inne og ute
  • Leigekontrakt
  • Dokumentasjon på dagleg leiar si tilsetting
  • Kopi av melding til Mattilsynet

Kor lang tid tar det?

Saksbehandlingstida er inntil tre månader frå du har sendt oss alle nødvendige opplysningar og dokument. Søknaden blir sendt på høyring til politiet og skatte-  og avgiftsmyndigheitene. Behandlingstida kan bli lengre om høyringsinstansane bruker lang tid, har merknader til søknaden, eller om du gjør endringar undervegs i behandlinga av søknaden.

Kva kostar det?

Det er gratis å søke om serveringsløyve.

Lover og forskrifter

Oversikt over lover og reglar som gjeld for servering-, sals- og skjenkestadar.

Kontakt

Tove Haugli
Konsulent
E-post
Telefon 61 21 62 50

Opningstider

Måndag - fredag 08.00 - 15.30

Servicetorg / sentralbord Måndag - fredag 09.00 - 14.00

Adresse

Nord-Fron kommunehus

Nedregata 50

2640 Vinstra