Nord-Fron kommune

VA Kvamsfjellet

VA Kvamsfjellet

Klikk for stort bilete

Kva går prosjektet ut på?

For å kunne tilby hytteinnbyggjarar i Nord-Fron ein betre standar på hyttene vart det i 2014 vedtatt å bygge ut vatn- og avløpsnettet for Furusjøen hytteområdet. Arbeidet er stort og omfattande, med over 160 hytter tilknytta prosjektet. 

Det skal i tillegg til sjølve ledningsnettet byggast pumpestasjoner, høgdebasseng og vassverk, samt at det blir gjort tiltak på eksisterande kloakkledning frå Bjørgebu. 

Kva er status i prosjektet? 

Hovedledningsnettet er lagt og trykkprøving pågår. Nokre stikkledningar manglar framleis, men blir fullført utover høsten. Pumpestasjonar og trykkøkere er under montering fleire stader og blir kobla til i løpet av hausten.

Utbygginga av ledningsnettet er no inne i avslutningsfasa. Hovudledningsnettet er lagt og trykkprøving pågår. 

Oppatpynting av ledningstraseene pågår og fleire strekningar er pynta og ferdigstilt. Høgdebassenget er stort sett ferdig og blir tatt i bruk i haust/vinter.

Arbeid med vassverket er påbegynt. For dei strekningane som er ferdigstilt med oppatpynting går det ut brev til berørte grunneigarar med nødvendig informasjon i forhold til det som er gjort.

Ferdigstilling

For hyttene som skal ha vatn og avløp vil dette bli klart til tilkobling i fyste del av desember 2019 - grunnen til dette er leveringsproblem og manglande tillatelse til graving. Hytteeigarar får eigne brev når vi veit konkret dato for når vi kan levere vann.

På grunn av at det gjenstår ein del oppynting kan værforhalda gjere at noko arbeid må gjenstå til sommeren 2020.

Kontakt

Bjørn Bjørke
Virksomhetsleder
E-post
Telefon 61 21 61 67
Mobil 971 94 880
22.01.2013 08:20:25