Formannskapet sitt forslag til årsbudsjett 2026
Her finn du formannskapet sitt forslag til årsbudsjett for 2026
Formannskapet sitt forslag ligg ute til offentleg ettersyn med høyringsfrist 3. desember d..å.
Økonomiplan for 2026 - 2029
Kommunestyret vedtok 23.10.25, sak 76/25, økonomiplanen for 2026–2029, med måltal og mål for perioden. Formannskapet skal leggje fram si innstilling til årsbudsjett for 2026 i møtet 14.11.25. Deretter skal årsbudsjettet sendast på høyring, før endeleg vedtak i kommunestyret 11.12.25.
Sjå økonomiplan for 2026 - 2029 her
Årsrekneskap 2024
Årsrekneskapen viser korleis kommunen faktisk har brukt pengane i 2024. Her finn du ei oversikt over inntekter og utgifter, og korleis resultatet står i forhold til det vi planla på førehand.
Sjå rekneskap for Nord-Fron kommune 2024 her (PDF, 776 kB)
Årsrapport med årsmelding 2024
Årsrapporten gjev eit samla bilete av arbeidet som er gjort i kommunen gjennom året. Den inneheld årsmeldinga frå administrasjonen, der vi ser tilbake på mål, tiltak og resultat innanfor viktige område som helse, oppvekst, næring og kultur.¨
Sjå årsrapport med årsmelding 2024 her
Handlings- og økonomiplan 2025–2028
Dette er kommunen sin plan for dei fire neste åra. Her finn du prioriteringar, satsingar og budsjett for kommande år – med mål om å utvikle Nord-Fron vidare som ein god kommune å bu og leve i.
Sjå handlings- og økonomiplan 2025 - 2028 her
Tertialrapport
Tertialrapport er viser korleis kommunen ligg an økonomisk og målretta etter første eller andre del av året. Kommunen lagar som regel to slike rapportar i året – ein etter fire månader (1. tertial) og ein etter åtte månader (2. tertial). Desse rapportane hjelper politikarar og administrasjon med å sjå om ein er på rett veg, og gjere justeringar dersom det trengst.
Sjå rapport for 1. tertial 2025 her
Sjå rapport for 2. tertial 2025 her