Den eine leiligheita i Bruvika. Møblementet er KI-generertI PrøveBo får du leige ei ny og høgstandard leilegheit i Bruvika i opptil to år – med moglegheit til å kjøpe bustaden etterpå dersom du kjenner at dette er staden for deg. Heile ordninga er laga for å senke terskelen og redusere risikoen: Du prøver, kjenner etter – og tek valet i ditt eige tempo. Prøv da vel!
Kva er PrøveBo?
PrøveBo er ei leige-til-eige-ordning der du får moglegheit til å bu i Nord-Fron i inntil to år før du eventuelt bestemmer deg for å kjøpe bustaden. Ordninga skal:
- bidra til auka busetjing og rekruttering
- gi deg ein realistisk og trygg måte å teste bygdelivet på
- tilby moderne og innflyttingsklare leilegheiter
- støtte ei berekraftig utnytting av eksisterande bustadmasse
Du leiger til fast pris (10 000 kr/mnd.), og dersom du ønskjer å kjøpe etter kvart, følgjer ordninga Husbanken sin leige-til-eige-modell, der du får eit fråtrekk i kjøpsprisen basert på delar av husleiga du har betalt.
Kven kan søkje?
PrøveBo rettar seg mot deg som:
- er 23–45 år
- har løna arbeid eller driv eiga næringsverksemd
- bur utanfor Nord-Fron i dag
- ønskjer å teste ut bygdelivet med intensjon om mogleg busetjing
Ordninga passar særleg godt for familiar, fagarbeidarar, nyutdanna, lærlingar og andre som ønskjer ein rolegare og meir romsleg kvardag.
Å leve i Nord-Fron – kva kan du forvente?
Å bu her handlar om mindre stress og meir liv. Det handlar om:
- korte avstandar og tid til det som betyr mest
- trygge nabolag og nærleik til naturen
- ei kommune med full barnehagedekning og sterke fagmiljø i skulane
- eit levande lokalsamfunn med kultur, idrett og opplevingar
Nord-Fron er stort nok til å gi deg moglegheiter – og lite nok til at du blir sett.
Slik fungerer ordninga – kort fortalt
1. Leige
- Du leiger bustaden i inntil to år
- Leiga er 10 000 kr/mnd. ved første kontrakt
- Kommunale avgifter, straum og oppvarming betaler du sjølv
2. Kjenn etter i kvardagen
Bruk tida til å bli kjent: med nabolaget, arbeidsvegen, naturen og lokalmiljøet – alt det som utgjer eit liv.
3. Vel sjølv om du vil kjøpe
Du kan kjøpe bustaden når som helst i løpet av perioden
- Kjøpspris = takst minus 50 % av betalt husleige
- Ein uavhengig takstmann vurderer bustaden
Kvifor PrøveBo?
Trygt å teste bygdelivet – du slepp risiko, og du får tid.
Moderne bustad frå dag éin – leilegheitene i Bruvika er nye, lyse og klare til innflytting.
Plass til både liv og draumar – her får du rom til hund, hageglede, toppturar, fjordfiske, heimekontor – eller berre meir ro.
Ei moglegheit, ikkje ei forplikting – flytt inn, prøv, kjenn etter. Valet er ditt.
Slik søkjer du
Å søkje er enkelt – og heilt uforpliktande.
Søknadsfrist: 1. februar 2026.
👉 Søk om PrøveBo