Nord-Fron kommune har planlagt løysingar for å sikre at innbyggjarar som treng hjelp, informasjon eller kontakt med offentlege instansar som politi og brannvesen, skal kunne få det. Ved Ekom-bortfall vil kommunen bemanne bestemte oppmøtestader der du kan møte personell som hjelper deg vidare.
Hovudoppmøtestad
Kommunehuset i Vinstra
Andre oppmøtestader ved stengde vegar eller vanskeleg framkome
Dersom delar av kommunen er isolerte eller det ikkje er mogleg å kome seg til kommunehuset, vil det bli opna oppmøtestader på desse stadene:
- Vinstra: Kommunehuset (og Peer Gynt Spiseri ved behov på begge sider av elva)
- Kvam: Kirketåeigen
- Skåbu: Skåbu Fjellhotell
- Kvamsfjellet: Rustugusetra
Desse stadene vil vere bemanna av kommunalt personell, og formålet er å få oversikt over behov, gi informasjon og bidra til tryggleik for alle innbyggjarar.
Ingen grunn til panikk
Ekom-bortfall skjer sjeldan, men det er viktig å vere føre var. Dette er ikkje noko ein treng uroa seg for til dagleg, men å vite kor ein kan møte opp ved eit bortfall kan vere nyttig. Kommunen har rutinar og planar på plass, og vil sørge for at du som innbyggjar får hjelp dersom det trengst.