Ungdomsråd

Nord-Fron ungdomsråd er eit representativt utval av ungdom i kommunen, og skal tale ungdommen si sak.

Samansetting

Nord-Fron ungdomsråd er samansett av 9 ungdom frå kommunen. Samansettinga er som følgjer:

  • Tre representantar vald av elevrådet ved Vinstra ungdomsskule
  • Fire representantar vald av elevrådet ved Vinstra vidaregåande skule
  • To representantar vald av Nord-Fron kommune
    • desse skal utjamne eventuelle skeivheter i kjønn, alder og geografi
Nord-Fron ungdomsråd 2023 - 2025
MedlemVald av
Kinga Anna GorskaElevrådet ved Vinstra vidaregåande skule
Kristine Milsteinhaugen KaldhusdalElevrådet ved Vinstra vidaregåande skule
Matthew Nutpumintr Pan-AudElevrådet ved Vinstra vidaregåande skule
Felix Magnus RustbakkenElevrådet ved Vinstra vidaregåande skule
Rebecca Alhovik ØybrekkenElevrådet ved Vinstra ungdomsskole
June Aurora BergetElevrådet ved Vinstra ungdomsskole
Johannes ToxeElevrådet ved Vinstra ungdomsskole
Johanne KlomstadNord-Fron kommune
Mathias KvalenNord-Fron kommune

Møter
Ungdomsrådet møtast ein gong i månaden, og tek opp saker som angår ungdommen. Det blir sendt ut innkalling i forkant av møter, og protokoll i etterkant, på lik line med andre styrer og utval i kommunen. Leiar i ungdomsrådet er møteleiar, kommunen stiller med møtesekretær. Møta føregår på dagtid på kommunehuset i Nord-Fron.

Midler
Ungdomsrådet disponerar ein pengepott som skal vera med å støtte tiltak retta mot barn og ungdom i kommunen. Du søker ved hjelp av digitalt skjema.

Søknader som kjem inn etter 1. november blir behandla på fyste møte i komande kalenderår. 

Søk ungdomsrådet om midler

Vedtekter
Her kan du lese vedtekter for Nord-Fron ungdomsråd 2024 - 2027 (PDF, 74 kB).

Kontakt

Sigurd Maurstad Brendløkken
Ungdomskonsulent
E-post