Prisar og redusert betaling

Forskrift om foreldrebetaling i barnehage.

Du får ikkje automatisk redusert pris frå barnehagen dersom du har låg inntekt.
Du lyt sjølv søkje om å få redusert foreldrebetaling for ein barnehageplass.  Dette gjer du via foresattportalen.

Vedtak gjeld eitt barnehageår om gongen, med unntak av eventuelle vedtak som blir gjort i løpet av barnehageåret.

Pris for mat er ikkje med i desse ordningane.

For å kunne vurdere søknad om redusert foreldrebetaling lyt barnet ha ein barnehageplass i dag, eller ha takka ja til ein framtidig plass.

Med hushaldning er det i forskrifta tenkt på ektefelle, registrerte partnarar og sambuarar.
Som sambuarar reknas to ugifte personar over 18 år som bur saman, og som har budd saman i eit ekteskapleg forhold i minst 12 av de siste 18 månadane, eller har felles barn.
Dersom søkjer er sambuar utan felles barn, må søkjer opplyse kommunen om dette.

For meir informasjon sjå Forskrift om foreldrebetaling i barnehager.