Tappepunkt i Kvam og på Vinstra

I Kvam er det etablert vannpost med betalingsautomat ved Kvam RA i Industrivegen 151. På Vinstra finn du dette ved Vinstra brannstasjon i Toksevegen 4.
 

Bruk av tappepunkta

Desse skal primært brukast til vannfylling for næring og private aktørar.
Ved leidningsbrudd og anna utforutsett så har vi andre rutiner for vannfylling.

Fylling på mindre vannkanner bør unngås (det tappes ca. 1000 liter på 3 minutt)

Her kan du lese Instruks for bruk av vannpost. (PDF, 100 kB)

 

 

Brannhydrantar og alvorlege konsekvensar ved feil bruk

Brannhydrantar skal ikkje brukast som tappepunkt.

Brannhydrantar er ein del av kritisk infrastruktur og brannberedskap. Dei skal kun nyttast av brannvesen og kommunens driftspersonell. Feil bruk av brannhydrantar kan føre til fleire alvorlege konsekvensar:

  • Redusert brannberedskap: Dersom nokon tuklar med ein hydrant kan den svikte når brannvesenet treng dem som mest.
  • Forureina drikkevatn: Feil bruk kan føre til tilbakeslag av forureina vatn inne på drikkevann-nettet og utsette innbyggjarane for smitte.
  • Skadar på hydrantar: Hydrantar kan bli øydelagde av frost dersom dei ikkje blir lukka riktig etter bruk.