Områdeplan for Skåbugrenda - 2. gongs høyring og offentleg ettersyn

Utval for miljø, landbruk og areal har i møte den 12.03.2024, sak 21/24 vedteke å leggje forslag til områderegulering for Skåbugrena ut til nytt offentleg ettersyn. Frist for merknader er 8. mai 2024.

Det er konsulentfirmaet Areal + AS på vegner av Skåbu fjellgrend As som har utarbeida planforslaget.  Planforslaget legg til rette for fritidsbustader med tilhøyrande infrastruktur sentralt i Skåbu. Tilkomst er planlagt via Austlivegen. 


Ved fyrste offentlege ettersyn hausten 2023, fremja Norges vassdrags- og energidirektorat, Statsforvaltaren i Innlandet og Innlandet fylkeskommune motsegn til planforslaget.  Motsegnene var grunngjeve med omsynet til flom/overvatn, samt kulturminne. Plankart og føresegner er nå justert, slik at faresoner som tek hensyn til dreneringsvegar med tilhøyrande føresegner er vist i plankartet. I tillegg er det lagt inn føresegner knytt til kulturminne, etter tilråding frå Innlandet fylkeskommune. 

Det er ellers ikkje gjort endringar i kart og føresegner.

Plandokumenta er lagt ut på Arealplaner.no, under planbehandlinger og offentleg ettersyn

Evt. merknader til planforslaget skal vere skriftleg og sendast til post@nord-fron.kommune.no, eller Nord-Fron kommune, Nedregate 50, 2640 Vinstra.

Frist for merknader er 8. mai, 2024.

Kontakt

Anders Nybakken
Avd.leder- Plan og Landbruk
E-post
Telefon 61 21 61 84