Nord-Fron kommune

Webkamera og verdata

Webkamera og verdata

Klikk for stort bilete Her ser du webkamera frå forskjellige stader i Nord-Fron.

Det er webkamera på Vinstra, Kåja, Kvamsfjellet og Skåbu

Vinstra 

Klikk her for detaljert verdata

Utsikt vestover frå kommunehuset på Vinstra. I framkant av biletet ser vi deler av Vinstra stasjon, og Gudbrandsdalslaugen. Lenger bak i biletet ser vi Ruste, og i horisonten ser vi Feforkampen (1160moh).

Sjå bilete i fullskjerm her!

Utsikt nordvestover frå kommunehuset på Vinstra. I framkant nedst til venstre ser vi Vinstra stasjon og i bakkant ser vi mot Sorperoa og Teigkampen (1035 moh).

 

Sjå bilete i fullskjerm her!

Utsikt søraustover frå kommunehuset på Vinstra. I framkant nedst til høgre ser vi Ødegårdens Bakeri og Folkets Hus. I bakkant ser vi søre del av Ruste - og retning Sør-Fron -  og Baukholshaugen.

Sjå bilete i fullskjerm her!

Kåja idrettspark

Klikk her for detaljert verdata

Utsikt vestover frå garderobebygget i Kåja idrettspark på Vinstra.  I forkant ser vi løpebane og kunstgrasbane. Utsikt mot Feforkampen (1160 moh) og Kongslikampen (987 moh).

Sjå bilete i fullskjerm her!

Utsikt nordover frå baksida av garderobebygg. Her ser vi i forkant friområde med skatepark og lenger bak bustadområde mellom Nedregate og Øvregate.

Sjå bilete i fullskjerm her!

Utsikt nordover frå adkomstvegen til Kåja idrettspark, der vi i forkant ser grasbane og frå venstre i bakkant garderobebygg, VIL sitt klubbhus og ungdomsklubben. Lenger bak ser vi Brakjeberget og bustadområde langs Øvregate og Toksevegen.

 

Sjå bilete i fullskjerm her!

Kvamsfjellet

Utsikt nordover frå Rondablikk på Kvamsfjellet. I framkant ser vi Rondablikk Høgfjellsscene der vi ser amfiet og scenebygget. I bakgrunnen og mot horisonten ser vi Furusjøen og Rondane.

Sjå bilete i fullskjerm her!

Utsikt søraustover i området ovanfor  Rondablikk Høgfjellshotell. I framkant ser vi gangvegen til Rondane Høgfjellsscene. I bakgrunnen og mot horisonten ser vi mot Tjønnsæterfjellet (1411 moh) og Venabygdsfjellet i Ringebu.

Sjå bilete i fullskjerm her!

Skåbu

Klikk her for detaljert verdata

Utsikt sørvestover frå Skåbu oppvekstsenter. Mot horisonten ser vi Storhøfjella og Langsua nasjonalpark, med den markante Storhøpiggen (1434 moh) til høgre for Storhøa (1420 moh). Nede til høgre i biletet ser vi Olstappen og midt på og til venstre ser vi delar av Skåbu-baklia.

Sjå bilete i fullskjerm her!

Utsikt austover  frå Skåbu oppvekst mot Vinstradalen og delar Kvikne-bygda litt til venstre i biletet. Mot horisonten litt til høgre i biletet tronar Feforkampen

Sjå bilete i fullskjerm her!

Utsikt frå Skåbu oppvekst vestover mot Skardfjellet (1160 moh) i bakgrunnen. I bjørkelia nedanfor Skardfjellet ser vi hytteområda Skardfjellgrenda og Sikkilsgrenda. Lengst framme ser vi del av Skåbu sentrum, blant anna Skåbu fjellhotell.

Sjå bilete i fullskjerm her!