Kvam trivselsbad oppe kvar laurdag ut juni månad

Kvam trivselsbad vil frå no vere oppe kvar laurdag for offentleg bading fram til 30. juni - med badevakt frå Fron badeland.  Vanlege opningstider.

Då Fron badeland er midlertidig stengt på grunn av renovering er det auka etterspørsel for å kunne bruke Kvam trivselsbad. 

Kvam trivselsbad ligg i tilknytning til Kvam bygdahus, er eit lite og triveleg anlegg med innvendig vakker utsmykning. Anlegget blir mykje brukt av Kvam skule, barnehagane og til varmtvannstrening i regi av fysioterapitenesta / Frisklivssentral.

Trivselsbadet blir leigd ut til privatpersonar, lag/organisasjonar og bedrifter.
 

Her finn du meir informasjon om Kvam trivselsbad.

 

ukjent fotograf - Klikk for stort bileteukjent fotograf