e-Dialog - sikker innsending

Nord-Fron kommune har tatt i bruk eDialog. Med den kan du trygt sende oss brev og dokument elektronisk, sjølv om dei er unntatt offentlegheit.

Vi oppfordrar til bruk av eDialog

Epost er ikkje ein sikker kanal for å sende frå seg informasjon. Uvedkomande kan få tilgang, epost kan bli stoppa i søppelfilter og saksbehandlaren du ønskjer å nå fram til kan vere borte over tid.

eDialog sender informasjonen kryptert og er difor langt sikrare enn vanleg epost.
 

Framgangsmåte

Her kan du sende kryptert melding via eDialog til Nord-Fron kommune.

Deretter må du autentisere deg sjølv, anten med ID-porten, bankID, bankID på mobil, minID, Buypass ID eller Commfides. Når du er logga på, fyller du ut skjemaet og legg ved eventuelle vedlegg som pdf-filer.

I Nord-Fron kommune kan du sende kryptert melding også til desse tenestene:

eDialog til Rus og psykisk helse 

eDdialog til Helsestasjon og jordmortenester

eDialog til  Vinstra legekontor

eDialog til Ergo- og fysioterapitenesta

 

Utfylling av skjema

Kryss først av om du er privatperson eller sender som firma
Alle obligatoriske felt er merka med *
I tittelfeltet er det til hjelp om du set på saksnummer, om du sender inn noko i samband med ei pågåande sak - til dømes 25/156.
Skriv utfyllande kommentarar knytt til sendinga. Om du sender med vedlegg, vil det du skriv i kommentarfeltet bli lagt inn som vedlegg i sak- og arkivsystemet vårt.


Når du klikkar på 'Send forsendelse' blir brevet ditt kryptert og sendt direkte inn i sak- og arkivsystemet vårt
Du får ei kvittering med referansenummer på epost.
NB!
Du skal ikkje bruke eDialog om vi har elektroniske skjema til formålet, til dømes søknad om plass i barnehage, søknad på stilling m.m.  Her kan du sjå oversikt over alle våre elektroniske skjema.