Kommuneblome for Nord-Fron

Bilde av blomen Fjellsmelle - Klikk for stort bileteFjellsmelle Foto: Rigmor Wang. Lisens: CC BY 4.0. https://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no

Kommunestyret vedtok i møte 14.mai 2019 at Fjellsmelle skal vere kommuneblome for Nord-Fron.

Etter initiativ frå Utval for landbruks-, utmarks- og miljøsaker i 2017 vart det utlyst ei konkurranse om å kome med forslag til kommuneblome. Det vart også sett ned ein jury som skulle gå gjennom og prioritere dei forslaga som kom inn. Det kom inn 7 forslag og Berit Wangen som foreslo Fjellsmelle grunngav forslaget slik:

" Tuva til blomsten er vid i utstrekning, akkurat som Nord-Fron. Viser seg berre i blomst i juli-august og er då veldig vakker. Akkurat som nordfrøningen da han viser seg fram, spesielt under Countryfestivalen, Peer Gynt stemnet og Byfesten. Elles er den frodig og litt unnselig, akkurat som folket her. Lever og bruker den friske lufta, og finnes på fjellet. Nord-Fron har eit rikt fjellområde."

 

Juryen bestod av:

Ann Sofie Møller og Finn Hellebergshaugen frå LUM, Bjørn Lilleeng frå Norsk Landbruksrådgiving Innlandet, Tone Sidsel Sanden frå lokalavisa Dølen og Ingebjørg Jenssveen frå administrasjonen.