Årsrapport og økonomiplan

Vedteke årsbudsjett for 2026

Kommunestyret i Nord-Fron vedtok 11. desember, sak 104/25, årsbudsjett for 2026. 

Heilse saka ser du her. 

Her finn du kommunestyret sitt vedtekne årsbudsjett for 2026

Økonomiplan for 2026 - 2029

Kommunestyret vedtok 23.10.25, sak 76/25, økonomiplanen for 2026–2029, med måltal og mål for perioden. Formannskapet skal leggje fram si innstilling til årsbudsjett for 2026 i møtet 14.11.25. Deretter skal årsbudsjettet sendast på høyring, før endeleg vedtak i kommunestyret 11.12.25.

Sjå økonomiplan for 2026 - 2029 her

Årsrekneskap 2024

Årsrekneskapen viser korleis kommunen faktisk har brukt pengane i 2024. Her finn du ei oversikt over inntekter og utgifter, og korleis resultatet står i forhold til det vi planla på førehand.

Sjå rekneskap for Nord-Fron kommune 2024 her (PDF, 776 kB)

Årsrapport med årsmelding 2024

Årsrapporten gjev eit samla bilete av arbeidet som er gjort i kommunen gjennom året. Den inneheld årsmeldinga frå administrasjonen, der vi ser tilbake på mål, tiltak og resultat innanfor viktige område som helse, oppvekst, næring og kultur.¨

Sjå årsrapport med årsmelding 2024 her

Handlings- og økonomiplan 2025–2028

Dette er kommunen sin plan for dei fire neste åra. Her finn du prioriteringar, satsingar og budsjett for kommande år – med mål om å utvikle Nord-Fron vidare som ein god kommune å bu og leve i.

Sjå handlings- og økonomiplan 2025 - 2028 her

Tertialrapport

Tertialrapport er viser korleis kommunen ligg an økonomisk og målretta etter første eller andre del av året. Kommunen lagar som regel to slike rapportar i året – ein etter fire månader (1. tertial) og ein etter åtte månader (2. tertial). Desse rapportane hjelper politikarar og administrasjon med å sjå om ein er på rett veg, og gjere justeringar dersom det trengst.

Sjå rapport for 1. tertial 2025 her

Sjå rapport for 2. tertial 2025 her