Kommunestyret

Kommunestyret er det øvste kommunale organet i Nord-Fron kommune. Det gjer vedtak på vegne av kommunen så langt ikkje anna følgjer av lov eller delegasjonsvedtak.
Kommunestyret er det sentrale, overordna organ som alle utval, styrer og råd får sine fullmakter frå, og som dei skal sørgje for attenderapporteringar til.

Her kan du lese  reglement for kommunestyret, (PDF, 475 kB) vedtatt i K.sak 48/20.


Kommunestyret blir valt ved kommunevalet kvart 4. år, basert på vallister frå dei politiske partia, evt. andre grupper / lister.
I Nord-Fron har kommunestyret 25 medlemer, samt varamedlemer frå kvar liste.

Her vil i løpet av november- etter behandling søknader om fritak - bli ei justering på varamedlemmer frå partiet Høgre