Bostøtte

Kva er bostøtte?

Bostøtte er ei behovsprøvd statleg stønadsordning for deg som har låg inntekt og høge bokostnader.

Kven kan få tilbodet?

Her finn du ut om du er i målgruppa

Her kan du berekne om du kan få støtte

 

Korleis søke?

Slik søker du bostøtte

Vedlegg til søknaden:

  • Husleigekontrakt, om du leiger privat bustad, kommunal bustad eller omsorgsbustad treng du ikkje legge ved husleigekontrakt
  • Nedbetalingsplan på bustadlån, om du eig bustaden du bur i.
  • Dokumentasjon på fellesutgifter, om du bur i burettslag, sameige, aksjeleilegheit eller obligasjonsleilegheit

Informasjon om inntekta di blir henta inn automatisk.

 Om du fyller ut papirsøknad skal den sendast til Nord-Fron kommune.

Søknadsfrist

Søknadsfristen for bustøtte er den 25. kvar månad. Utbetaling skjer rundt den 20. i påfølgjande månad.

Kva skjer vidare

Dersom du får godkjent bustøtte, blir søknaden din overført til neste månad.

Får du avslag fordi du har høg inntekt ein månad, blir søknaden din automatisk overført til neste månad. Får du avslag 3 månader på rad må du søke på nytt.

Om du flyttar må du søke på nytt.

Hugs å melde frå om  endringar

Sjekk alltid at det er brukt riktige opplysningar i vedtaket du får. Du har plikt til å melde frå dersom det skjer endringar som kan ha betydning for berekning av bustøtta. Det kan for eksempel vere om nokon flyttar inn eller ut av husstanden eller om husstanden si formue endrar seg.

 

Klage

Om du meiner noko er feil i vedtaket, kan du klage innan 3 veker frå du mottok vedtaket.

Her finn du informasjon frå Husbanken om klage på bustøtte. 

 

Meir informasjon

Du finn meir informasjon om bustøtte på Husbanken sine nettsider. 

Lover og reglar

Lov om bostøtte

Forskrift om bostøtte

Kontakt

Mona Strøm
Konsulent
E-post
Telefon 61 21 65 10

Opningstider

Måndag - fredag 08.00 - 15.30

Servicetorg / sentralbord Måndag - fredag 09.00 - 14.00

Adresse

Nord-Fron kommunehus

Nedregata 50

2640 Vinstra

Kart