Kva skal med i ein søknad om dispensasjon?

Ein dispensasjon gis som eit unntak frå føresegner gitt i eller i medhald av plan- og bygningslova. Det vil seie at kommunen i nokre konkrete tilfelle gir løyve til å fråvike føresegner, anten som varig eller mellombels dispensasjon. Ein skal alltid etterstrebe å forhalde seg til dei gjeldande reglane som gjeld for eigedomen.

Når du skal søkje om dispensasjon må den vere grunngitt.  Argument knytt til personlege forhold som til dømes; behov for større plass, reint personlege forhold som sjukdom eller liknande, eller at dispensasjonen er naudsynt som ledd i eit arveoppgjer har ofte ikkje avgjerande vekt i dispensasjonsvurdering. Du finn meir informasjon om dispensasjon ovanfor.

 

Illustrasjonsbilde

Søknaden skal innehalde:

Merk at det ikkje er eit standardisert skjema for dispensasjonssøknad. Bruk eit word-dokument ol.

  • Kven som er tiltakshavar og søkjar.
  • Kva eigedom søknaden gjeld.
  • Kva du skal bygge/gjere.
  • Kva føresegner det blir søkt dispensasjon frå (døme på dette kan vere byggjegrense/avstand til veg/byggjehøgde, formål).
  • Grunngjeving for kvifor du meiner dispensasjon bør bli gitt. 
  • Kvittering for nabovarsel og opplysningar gitt i nabovarsel som viser at naboar er varsla om dispensasjonssøknaden. Informasjon og skjemaer til nabovarsling finn du her
  • Utgreiing for eventuelle merknader naboar har kome med til søknaden, og di/søkjar si vurdering av desse.
  • Situasjonskart. Dette kan hentast ut herfrå
  • Eventuelle teikningar.

 

Kva kostar det med ein dispensasjonsbehandling?

Pris for dispensasjon finn du i kommunens gebyrregulativ 

 

Kor skal søknaden sendast?

Sjølve søknaden skal sendast til post@nord-fron.kommune.no eller Nord-Fron kommune, Nedregata 50, 2640 Vinstra. Merk at søknaden ikkje skal sendast direkte til sakshandsamar.