Kjøp og sal av eigedom

Når ein eigedom får ny eigar, sender kommunen fakturaen til den som står registrert som eigar (heimelshavar). Her ser du når kommunen får vite om eigarskiftet, og kven som får fakturaen.

Du treng ikkje melde frå til kommunen

Når skøytet er tinglyst, får kommunen melding om det automatisk frå Kartverket. Du treng ikkje gjere noko sjølv.

Kommunen får meldinga 1–3 dagar etter at de har fått stadfesting på tinglysinga.

Kven får fakturaen?

  • Fram til kommunen har fått melding om tinglysinga, får førre eigar fakturaen.
  • Kommunen oppdaterer kven som er eigar éin gong i veka, og dagen før vi sender ut faktura.
  • Den som står registrert som eigar mellom den 17. og den 20. i månaden, får fakturaen.

Vil de dele kostnaden?

Kommunen kan ikkje dele éin faktura mellom førre og ny eigar. Skal seljar og kjøpar dele kostnaden, må de avtale det og gjere det opp dykk imellom. Det kan vere lurt å skrive dette inn i kjøpekontrakten.