Kva er brukseiningsnummer?
Alle leiligheter skal, på lik linje med einebustadar, ha si eiga adresse. Brukseiningsnummer, som tidlegare vart kalla bustadnummer, er leiligheta si unike adresse.
Brukseiningsnummer inneheld ein bokstav og fire tall. Bokstaven angjev om du bur i ei Hovudetasje, Underetasje, Loftsetasje eller Kjelleretasje.
Kvar kan eg finne brukseiningsnummeret mitt
Informasjon om brukseiningsnummer kan hentast ut frå kommunen sitt kart.
Søk opp aktuell eigedom i kartet. Velg "Eiendommer" under fanen "Kartlag". Klikk inne på den aktuelle eigedomen i kartet og velg "Vis mer informasjon" i vinduet som kjem opp. Brukseiningsnummeret står under "Adresser" i "Eiendomsinformasjonsvinduet".
Meir informasjon
Sjå Kartverket si nettside for meir informasjon.