Deling av eigedom

Ønskjer du å dele eigedomen din må du søke kommunen om løyve. Ved oppretting av ny grunneigedom blir det etablert ein ny sjølvstendig eigedom med eige gårds- og bruksnummer. Den nye eigedomen blir registrert i grunnboka og i matrikkelen (eigedomsregisteret).

Kven kan søke?

Det er eigar/heimelshavar av eigedomen som kan søke om frådeling. Er det fleire eigarar, så må alle eigarane signere søknaden. Alternativt kan person med fullmakt frå grunneigarane signere søknaden.

Kva skal sendast inn?

  • Søknadsskjemaet, søknad om tiltak utan ansvarsrett.
    Som vedlegg til dette skal følgjande vere med:
  • Krav om matrikulering.
  • Kartskisse som viser ønskja grense for deling av eigedomen og innteikning av tenkt adkomst. 
  • Nabovarsel.
     
  • Eventuelt søknad om dispensasjon frå gjeldande plangrunnlag.
  • Eventuelt erklæring om rett til adkomst over naboeigedomar fram til offentleg veg. 
  • Eventuelt erklæring om rett til å leggje, ha liggjande og vedlikehalde vann- og avløpsledningar. 
  • Eventuelt uttalelsar/samtykke får andre offentlege myndigheiter.

Her finn du skjema:

Søknadsskjema for tiltak utan ansvarsrett.

Krav om matrikulering, herunder rekvisisjon av oppmålingsforretning

Kart 

Nabovarsling kan enten gjerast gjennom kommunens E-torgløysing eller ved bruk av standardiserte skjema frå Dibk, direktoratet for byggkvalitet. Naboliste kan hentast ut frå E-torg kor ein også kan varsle elektronisk gjennom Altinn. Dersom ein ønskjer å varsle rekommandert, levere personleg varsel osv. kan skjema frå dibk.no nyttast.

E-torg eller dibk.no 

Dersom det er naudsynt med dispensasjon kan ein lese om dette her:

Om dispensasjon

Dersom det er naudsynt med veirett eller andre erklæringar kan skjema frå Kartverket nyttast:

Veirett, Kartverket

Erklæring, rettighet VA, Kartverket

 

Kor skal søknaden sendast?

Søknaden skal sendast på e-post: post@nord-fron.kommune.no eller pr post til Nord-Fron kommune, Nedregata 50,
2640 Vinstra.

 

Saksbehandling/tidsfristar

  • Ein søknad om frådelingsløyve som ikkje medfører dispensasjon frå gjeldande plangrunnlag, skal vere behandla innan 12 veker.
  • Oppmåling av den nye eigedomen skal utførast innan 16 veker etter at vedtak om frådeling foreligg.
     

Aktuelt lovverk

Pris

Når du skal dele frå ein eigedom, må du betale gebyr både for behandling av delingssøknaden etter plan- og bygningslova og gebyr for oppmålingsarbeidet. 

Gebyr etter plan- og bygningslova finn du her. 
Blir det søkt om dispensasjon, medfører dette gebyr for dispensasjon.

Gebyr for oppmåling finn du her.

 

Eigenerklæring konsesjonsfri overtaking av eigedom

Etter at ein parsell er frådelt vil eigar og mottakar få matrikkelbrev på den nye parsellen med nytt bruksnummer. Viss arealet er under 2 mål og bebygd trengs det ikkje eigenerklæring om konsesjonsfriheit. Elles må skjema LDIR-360 fyllast ut og sendast til kommunen. Landbrukseigedomar må det søkjast konsesjon om. Når dette er klarlagt må det nye gnr/bnr overskjøtast til den nye eigaren. Skjøtet må sendast til Statens kartverk på Hønefoss i 2 eksemplar.