Nord-Fron kommune

Deling av eigedom (skille ut tomt)

Deling av eigedom (skille ut tomt)

Ønskjer du å dele eigedomen din (skille ut tomt), må du søke kommunen om løyve. Ved oppretting av ny grunneigedom blir det etablert ein ny sjølvstendig eigedom med eige gårds- og bruksnummer. Den nye eigedomen blir registrert i grunnboka og i matrikkelen (eigedomsregisteret).

Kven kan søke

Det er eigar/heimelshavar av eigedomen som kan søke om frådeling. Er det fleire eigarar, så må alle eigarane signere søknaden. Alternativt kan person med fullmakt frå grunneigarane signere søknaden.

 

Slik søker du:

 

Fyll ut Jfr søknadsskjema.

Søknaden må innehalde følgende vedlegg:

  • Kartskisse som viser ønskja grense for deling av eigedomen og innteikning av tenkt adkomst. Kart finnast her.
  • Gjenpart av nabovarsel (opplysningar gitt i nabovarsel). Skjema finnast hos dibk.no.
  • Eventuelt søknad om dispensasjon frå gjeldande plangrunnlag
  • Eventuelt erklæring om rett til adkomst over naboeigedomar fram til offentleg veg. Skjema finnast hos kartverket.no.
  • Eventuelt erklæring om rett til å leggje, ha liggjande og vedlikehalde vann- og avløpsledningar. Skjema finnast hos kartverket.no.
  • Eventuelt uttalelsar/samtykke får andre offentlege myndigheiter

Send ut nabovarsel 

Skjema finnast hos dibk.no. Tilstøytande naboeigedomar skal ha kopi av delingssøknaden og vedlegga som blir sendt til kommunen.

Søknaden sendast til

Nord-Fron kommune
Nedregata 50,

2640 Vinstra.
 

Saksbehandling/tidsfristar

  • Ein søknad om frådelingsløyve som ikkje medfører dispensasjon frå gjeldande plangrunnlag, skal vere behandla innan 12 veker.
  • Opmåling av den nye eigedomen skal utførast innan 16 veker etter at vedtak om frådeling foreligg.
     

Aktuelt lovverk

Pris

Når du skal dele frå ein eigedom, må du betale gebyr både for behandling av delingssøknaden og gebyr for oppmålingsarbeidet. Gebyr for frådelingssøknadar  og oppmåling finn du under.
Blir det søkt om dispensasjon, så medfører dette tilleggsgebyr.

 

Oppmålingsgebyr

Kontakt

Gøran Rannstad
Oppmålingsingeniør
E-post
Telefon 61 21 61 59
Mobil 911 62 887

Opningstider

Måndag - fredag 08.00 - 15.30

Servicetorg / sentralbord Måndag - fredag 09.00 - 14.00

Adresse

Nord-Fron kommunehus

Nedregata 50

2640 Vinstra