For å lage situasjonskart klikkar du på utskriftsikonet nedst i venstre hjørne. Der kan du lage eit kart og velje ønskja mal (A4, A3 m.fl.). Du kan huke av for «vis utskriftsområde» dersom du ønskjer å sjå det planlagde utskriftsområdet i kartet. Klikk deretter på «eksporter», og eit kart blir generert.
Dersom du synest at til dømes reguleringsplanen eller kommuneplanen gjer det vanskelegare å sjå tiltak på eigedomen, kan du skru av desse kartlaga ved å klikke på «kartlag» og «arealplanar» oppe til venstre, og deretter fjerne avhukinga for dei aktuelle laga.