Då kommunen starta arbeidet med kommunedelplan for Vinstra, vart det gjort ei avgrensing av planområdet. Innanfor dette området finst det fleire eldre reguleringsplanar som ikkje lenger er i samsvar med dagens utvikling og behov. Det vart derfor bestemt å gjennomgå dei eldre planane og oppheve dei planane som ikkje lenger har ein funksjon eller verdi som tilseier at dei bør vidareførast, ein såkalla planvask.
Målet er at den nye kommunedelplanen for Vinstra skal gjelde for områda innanfor avgrensinga. Dette vil gjere det enklare å finne fram til dei føresegnene som gjeld for den enkelte eigedomen.
Kvifor gjer vi dette?
- Utdaterte planar: Dei eldre reguleringsplanane er ofte ikkje tilpassa dagens behov, utvikling og mål for arealforvaltninga.
- Unødvendig ressursbruk: Gamle planar kan føre til meirarbeid for både innbyggjarar og kommunen, fordi tiltak ofte krev dispensasjon frå utdaterte føresegner.
Målet er å få eit oppdatert plansystem som tek omsyn til dagens behov og legg til rette for ei enklare og meir føreseieleg planlegging og utvikling. Dersom du ønskjer meir informasjon om arbeidet som ligg til grunn for planvasken, kan du lese nærare om dette i Storymap for kommunedelplan for Vinstra.
Kva føresegner vil gjelde for eigedomen din?
Dersom reguleringsplanen blir oppheva, vil føresegnene i kommunedelplan for Vinstra gjelde for eigedomen din.
Her finn du forslag til føresegner for kommunedelplanen, som nyleg har vore ute på høyring.
Kva må du gjere?
Dersom du er samd i at reguleringsplanen kan opphevast, treng du ikkje gjere noko. Dersom du har innspel eller meiner at reguleringsplanen ikkje bør opphevast kan du sende merknadene dine til kommunen på e-post her eller brev til Nord-Fron kommune, Nedregata 50, 2640 Vinstra innan fristen for høyringa.
Vil du vite kva føresegner som gjeld for eigedomen din idag?
Søk opp eigedomen i Plandialog. Her finn du gjeldande reguleringsplan med tilhøyrande føresegner.
Oversikt over reguleringsplanar foreslått oppheva
I første fase av planvasken blir det varsla oppheving av reguleringsplanar på austsida av Vinstra. Det vil òg bli varsla oppheving av reguleringsplanar på vestsida av Vinstra i ein seinare fase av prosessen.

Spørsmål & svar om planvask
Ja, det får du lov til. Gjeldande reguleringsplan gjeld fram til kommunestyret eventuelt vedtek å oppheve planen. Fram til det skjer, er det reguleringsplanen og føresegnene til denne som gjeld. Dersom planen blir oppheva, vil føresegnene i kommunedelplanen for Vinstra gjelde for eigedomen.
Så lenge arealet ikkje er foreslått omdisponert til eit anna føremål i kommunedelplanen, vil det ikkje skje noko med dette arealet. Om arealet er sett av til eit anna føremål, kan du sjå i plankartet. Plankartet finn du via lenkja til Plandialog lenger oppe i artikkelen.
Nei, i dei fleste tilfella vil ei oppheving av reguleringsplanen ikkje føre til store endringar. Dei aller fleste områda er allereie utbygde med bustader, skule, næring eller forretning.
Mange av dei eldre reguleringsplanane inneheld føresegner som ikkje lenger er tilpassa dagens situasjon, og som det ofte må søkjast dispensasjon frå i byggesaker. Difor kan det vere føremålstenleg å oppheve slike planar.
Døme på utdaterte føresegner kan vere krav til byggehøgd, krav om forretning i første etasje langs Nedregata eller krav om oppføring av fellesgarasje i Toksefeltet. Slike krav er ikkje nødvendigvis i tråd med dagens behov eller arealbruk.
Målet med planvasken er å rydde opp i gamle og utdaterte planar, slik at det blir enklare å forstå kva føresegner som gjeld.
Først tilrår vi at du ser gjennom dei foreslåtte føresegnene i kommunedelplanen for Vinstra. Det kan vere at desse allereie tek vare på dei forholda du meiner er viktige. Det kan tenkes at de foreslåtte bestemmelsene er tilstrekkelige. Dersom du meiner at enkelte føresegner frå reguleringsplanen bør vidareførast eller innarbeidast i kommunedelplanen, kan du sende inn innspelet ditt til kommunen på e-post eller per brev innan høyringsfristen.