Har du fått varsel frå kommunen om oppheving av reguleringsplan?

Her finn du informasjon om kva dette inneber og kva som skjer vidare.

Då kommunen starta arbeidet med kommunedelplan for Vinstra, vart det gjort ei avgrensing av planområdet. Innanfor dette området finst det fleire eldre reguleringsplanar som ikkje lenger er i samsvar med dagens utvikling og behov. Det vart derfor bestemt å gjennomgå dei eldre planane og oppheve dei planane som ikkje lenger har ein funksjon eller verdi som tilseier at dei bør vidareførast.

Målet er at den nye kommunedelplanen for Vinstra skal gjelde for områda innanfor avgrensinga. Dette vil gjere det enklare å finne fram til dei føresegnene som gjeld for den enkelte eigedomen.
 

Kvifor gjer vi dette?

  • Utdaterte planar: Dei eldre reguleringsplanane er ofte ikkje tilpassa dagens behov, utvikling og mål for arealforvaltninga.
     
  • Unødvendig ressursbruk: Gamle planar kan føre til meirarbeid for både innbyggjarar og kommunen, fordi tiltak ofte krev dispensasjon frå utdaterte føresegner.
     

Målet er å få eit oppdatert plansystem som tek omsyn til dagens behov og legg til rette for ei enklare og meir føreseieleg planlegging og utvikling. Dersom du ønskjer meir informasjon om arbeidet som ligg til grunn for planvasken, kan du lese nærare om dette i Storymap for kommunedelplan for Vinstra.
 

Kva må du gjere?

Dersom du er samd i at reguleringsplanen kan opphevast, treng du ikkje gjere noko. Dersom du har innspel eller meiner at reguleringsplanen ikkje bør opphevast kan du sende merknadene dine til kommunen på e-post her eller brev til Nord-Fron kommune, Nedregata 50, 2640 Vinstra innan fristen for høyringa. 

 

Kva føresegner vil gjelde for eigedomen din?

Dersom reguleringsplanen blir oppheva, vil føresegnene i kommunedelplan for Vinstra gjelde for eigedomen din.

Her finn du forslag til føresegner for kommunedelplanen, som nyleg har vore ute på høyring. 

 

Oversikt over reguleringsplanar foreslått oppheva

I første fase av planvasken blir det varsla oppheving av reguleringsplanar på austsida av Vinstra. Det vil òg bli varsla oppheving av reguleringsplanar på vestsida av Vinstra i ein seinare fase av prosessen.

Kontakt

Kristin Wiig Larsen
Saksbehandler
Telefon 61 21 61 49