PrøveBo i Nord-Fron – prøv bygdelivet, trygt og utan forpliktingar

Har du lyst til å teste ut livet på bygda – utan å ta det store valet med ein gong? PrøveBo er Nord-Fron kommune sitt tilbod til deg som er nysgjerrig på meir plass, nærleik til naturen og eit sterkt lokalsamfunn, men som ønskjer ei trygg og moderne inngang til bygdelivet.

Den eine leiligheita i Bruvika. Møblementet er KI-generert

I PrøveBo får du leige ei ny og høgstandard leilegheit i Bruvika i opptil to år – med moglegheit til å kjøpe bustaden etterpå dersom du kjenner at dette er staden for deg. Heile ordninga er laga for å senke terskelen og redusere risikoen: Du prøver, kjenner etter – og tek valet i ditt eige tempo. Prøv da vel!

Kva er PrøveBo?

PrøveBo er ei leige-til-eige-ordning der du får moglegheit til å bu i Nord-Fron i inntil to år før du eventuelt bestemmer deg for å kjøpe bustaden. Ordninga skal:

  • bidra til auka busetjing og rekruttering
  • gi deg ein realistisk og trygg måte å teste bygdelivet på
  • tilby moderne og innflyttingsklare leilegheiter
  • støtte ei berekraftig utnytting av eksisterande bustadmasse
     

 

 

Slik søkjer du

Å søkje er enkelt – og heilt uforpliktande.

Søknadsfrist: 1. februar 2026.

👉 Søk om PrøveBo