📣 Digital innspelsrunde
Vi har gjennomført ei digital innspelsrunde, kor alle har kunne lagt inn tankar og synspunkt via eit nettskjema.
Den digitale innspelsrunda låg ute til måndag 5. mai, og det kom inn over 270 digitale innspel.

🗓 Interessegruppemøte
Prosjektet har gjennomført fire interessegruppemøter i løpet av veke 17 og 18. Vi inviterte til eigne møte for lag og foreiningar, næringsliv, ungdom og eldre for å få innspel på korleis skole, helse og kultur kan ha nytte av å vera samlokalisert.
🛠 Innbyggjarverkstad tysdag 6. mai kl 16.00
Denne dagen samla vi innbyggjarar til eit felles verkstadsmøte der vi jobba konkret med idear, behov og plasseringar. Over 70 personer deltok og kom med innspel til dei forskjellige lokaliseringsforslaga.