Nord-Fron kommune er i gang med eit prosjekt for å finne den beste løysinga for framtidas skule, kulturhus og helsehus på Vinstra. Vi ser på moglegheita for å samle fleire av desse funksjonane i eit felles bygg, og deretter kvar eit slikt bygg bør liggje for å gi gode tenester og styrke utviklinga av Vinstra sentrum.
Er det slik Vinstra sentrum kan bli?Vi inviterer alle innbyggjarar, næringsdrivande, besøkande, fritidsinnbyggjarar og “Vinstra-fans” til å kome med innspel om samlokalisering og plassering av desse viktige tenestene. Undersøkinga tek berre nokre få minutt å svare på, og svara dine er anonyme.
Kvifor er innspela dine viktige?
Innspela vi får gjennom dette skjemaet vil bidra til å forme innhaldet i ei brei innbyggjarworkshop den 6. mai. Dei kan også bli ein del av dei alternativa som til slutt blir lagt fram for kommunestyret.
Dersom du vil ha meir bakgrunnskunnskap før du leverer inn skjemaet under, finn du kortfatta oppsummering av dagens situasjon her. Dersom du vil lese meir, finn du dokumentbibliotek her!
Takk for at du bidreg til å forme framtidas Vinstra!
Koma med innspel på fleire måter?
→ Sjekk ut om du bør delta på eit interessegruppemøte
→ Les meir om innbyggerworkshop tysdag 6. mai på Vinstra vidaregåande skule