Innbyggerworkshop 6. mai

Nord-Fron kommune inviterer til innbyggarverkstad tysdag 6. mai på Vinstra vidaregåande skule. 
Her kan du lese meir om opplegget og melde deg på! 

Vi står framfor viktige val: Kor skal ny barne- og ungdomsskule liggje? Kor bør vi byggje nytt kulturhus og helsehus – og skal vi samlokalisere noko av dette?

Prosjektet «Lokalisering av offentlege bygg» skal gi eit tydeleg beslutningsgrunnlag for framtidas Vinstra. Målet er å skape ei god heilskapleg utvikling i sentrum – for elevar, brukarar, tilsette og ikkje minst for deg som bur her, eller som vurderer å flytte hit.

No treng vi dine innspel! På verkstaden skal vi diskutere ulike løysingar, sjå skisser og tenkje høgt saman. Det blir innleiing, gruppearbeid og visuell presentasjon av moglegheiter.

Meld deg på innbyggerworkshop 6. mai her!

Tema:

Korleis skape eit levande sentrum?

Kva betyr det for deg kvar skulen, kulturhuset og helsehuset ligg?

Korleis kan vi bruke areala mest mogleg effektivt og framtidsretta?

Målgruppa er alle som bur, jobbar eller har tilknyting til Nord-Fron – og som bryr seg om framtida til kommunen vår.

Verkstaden er gratis og open for alle – det blir enkel servering.