Interessegruppemøter

Nord-Fron kommune er i gang med prosjektet Sambruk og lokalisering, der vi skal finne den beste plasseringa for ny 1–10-skule, kulturhus og helsehus på Vinstra. Målet er ei framtidsretta løysing som gir god bruk av areal, styrkar sentrum og dekker behova til både barn, unge, vaksne og eldre – i dag og i framtida.

Som ein del av arbeidet inviterer vi no inn interessegrupper til eigne møte.

Kva er ei interessegruppe?

Ei interessegruppe er ei gruppe menneske som på ulikt vis blir påverka av samlokalisering av offentlege bygg, eller som sitt på erfaringar og kunnskap som er verdifull for prosjektet. Dette kan vere tilsette, brukargrupper, ungdom, kulturaktørar, organisasjonar, foreldre eller frivillige. Gjennom møta ønskjer vi å få fram perspektiv som kan bidra til eit betre beslutningsgrunnlag for politikarane.

Tid og stad for interessegruppemøta

Kva skjer på eit interessegruppemøte?

Eit interessegruppemøte startar med ei kort innleiing om kvifor vi gjer dette arbeidet – kva utfordringar og behov som ligg til grunn for prosjektet Sambruk og lokalisering. Deretter jobbar vi saman med å utforske ulike perspektiv: korleis opplevast dette for ein brukar, ein pårørande, ein innbyggar – eller for kommunen som heilskap? Møtet inneheld òg ei praktisk oppgåve, der vi saman ser på ulike løysingar og plasseringar, og diskuterer kva som kan fungere best.