Kommunal beredskap og krisehåndtering

Utgangspunktet for all krisehåndtering er at den så langt som mogeleg skal ivaretas av kommunen sitt ordinære driftsapparat.
Kommunen har eit eige beredskapsplanverk som trer i kraft viss kommunedirektøren bestemmer det. Det er oppretta eiga kriseleiing som blir leia av kommunedirektøren.

Informasjonskanalar

I ein krisesituasjon vil kommunen raskt kunne iverksette nødvendige tiltak og prioritere kommunen sine ressursar best mogeleg for å beskytte innbyggjarane og materielle verdiar og for å avgrense skadeverknader og skadeomfang. Det vil bli lagt stor vekt på rask og god informasjon frå kommunen og ut til innbyggjarane.

For tida er dette kommunen sine eigne informasjonskanalar:

SMS-varsling/Telefonoppringing (Varsling 24)

Nord-Fron kommune si heimeside

Nord-Fron kommune si facebookside

Planverk

Nord-Fron kommune har fleire planar/fagplanar knytt til ulike kriser og beredskapssituasjonar i tillegg til den overordna beredskapsplanen.

 

Kontakt

Hanne Hvattum
Beredskapskoordinator
E-post
Mobil 92 84 20 81
18.02.2013 14:57:23

Opningstider

Adresse

Nord-Fron kommunehus

Nedregata 50

2640 Vinstra