Derfor treng du ein DAB-radio med batteri
DAB-radio fungerer utan internett og mobilnett, og kan vere den einaste informasjonskjelda når andre system fell ut. Ved kriser vil NRK sende ut meldingar på P1, og avbryte ordinære sendingar for å gi deg det du treng å vite.
Har du ein radio som berre går på straum, vil du kunne miste denne tilgangen. Difor er det viktig at alle husstandar har ein DAB-radio som går på batteri – og at du har ekstra batteri tilgjengeleg.
Slik får du beskjed i bil og tunnel
I tunnelar vil eigne lyssignal med radiosymbol varsle deg om at du skal skru på radioen. Ved akutte hendingar vil meldingar frå nødetatane bryte inn på alle radiokanalar – ikkje berre NRK P1.
Oppmoding frå kommunen
Vi oppmodar alle i Nord-Fron om å vere budd. Skaff deg ein batteridriven DAB-radio, og sørg for å ha friske batteri. Det kan bli avgjerande når det verkeleg gjeld.
Lytt til NRK P1 ved kriser. Ha alltid batteri i reserve.