Småjobben

Småjobben i Nord Fron - ei hjelpande hand til deg når du treng det!

Er det arbeid du treng hjelp til? Snømåking, plenklypping, luking bortkjøring av avfall. Kanskje du har behov for støvsuging, vask, små reparasjonar eller anna småarbeid av ymse slag.

Småjobben er lagt inn under Nord-Fron pensjonistlag. Småjobben i Nord-Fron er sjølveigande.


Oppdrag du ønskjer hjelp til kan meldast på:

 

 

TLF: 90 83 78 60.

Telefontid: Måndag, tysdag og onsdag kl.10.00 - 12.00.

SMÅJOBBEN vil knyte til seg personar som ønskjer å utføre ymse arbeid for eldre og uføre rundt omkring i kommunen. 

Prisen pr. time er sett til kr.150,-og skal betalast direkte til den som utfører oppdraget.

Retningslinjer

Eldrerådet og Råd for menneskje med nedsatt funksjonsevne har vedteke slike retningslinjer for SMÅJOBBEN i Nord Fron:

  • SMÅJOBBEN er eit tilbod til eldre og uføre som treng ulike former for hjelp. 
  • Timepris kr.150,-, betales direkte til den som utfører arbeidet. Reisetid til og frå skal reknast med. For oppdrag med bruk av privat bil kjem kr. 50,- i tillegg til timepris.  Kjøring med privat bil m/hengar til avfallsplassen kr. 150,-  Bruk av anna privat utstyr (motorisert) kr. 50,- pr. time.
  • Oppdraget bør ikkje ta meir enn tre timar pr. gong. 
  • Vi skal ikkje gå handverkarar, eller andre, i næringa. 
  • Den som får hjelp, skal helst halde utstyr sjølv.
  •  Den som utfører arbeidet, og den som får hjelp skal signere på arbeids- og betalingsskjema. Skjemaet skal leverast leiar for Småjobben ( Liv Larsen).
  • Alle som deltek i dette arbeidet, må vera med å gje Småjobben  eit godt omdøme. 
  • Er det sagt ja til eit oppdrag, må det gjennomførast. 

 

Vil du vera ein av oss i Småjobben?

Ønskjer du å ta på deg oppdrag av ulike slag?

Ta kontakt med:

Liv Larsen, styreleiar i Småjobben - tlf. 95 92 02 33

Kristin Lohaugen, styremedlem -     tlf. 95 04 61 59