Individuell plan og koordinator

Kva tilbyr vi?

Individuell plan (IP) beskriv korleis tenestene du treng skal virke saman slik at du får ei heilheitleg oppfølging. Planen er basert på dine behov og det som er viktig for deg. Du er sjølv med på å utarbeide planen. Koordinator skal koordinere tenestene og sikre framdrift i arbeidet med din individuelle plan.

Kven kan få tilbodet?

Alle som har behov for langvarig og koordinerte tenester, uavhengig av alder, diagnose og funksjon kan få individuell plan og koordinator. Har du behov for langvarige og koordinerte helse-og omsorgstenester kan du få individuell plan og koordinator. Om du ikkje ønskjer individuell plan,skal du få tilbud om koordinator. 

Korleis få tilbodet?

Du må fylle ut henvendelsesskjema - der samtykkeskjema også er inkludert - og sende det til koordinerande eining ved Tildelingskontoret. 

Her finn du link til 

henvendelsesskjema om individuell plan, personleg koordinator og bytte av koordinator

 

Lovgrunnlag

Tenesta er heimla i lov om pasient- og brukerrettigheter §2-5 og lov om kommunale helse- og omsorgstjenester §§7-1 og 7-2 og forskrift om habilitering og rehabilitering, individuell plan og koordinator §6.