Nord-Fron kommune

Ergoterapi

Ergoterapi

Ergoterapitenesta kan hjelpe folk som har ulike typar aktivitetsvanskar i det daglege liv.

Ergoterapeutar jobbar med alle aldersgrupper for å fremme helse, forebygge sjukdom og bidra til at menneske får moglegheit til å leve eit aktivt liv og delta i samfunnet. Ergoterapeut utfører funksjonsvurderingar og bidrar til å finne løysingar når det oppstår eit gap mellom ditt funksjonsnivå og krav i dagleglivet eller ønska aktivitet. Kjernen i ergoterapi er  aktivitetar i kvardagen som barnehage, skole, arbeid, fritid og eigenomsorg.

Kva tilbyr vi?

  • Vurdering og trening av ferdigheiter.
  • Kompenserande tiltak med tekniske hjelpemidlar.
  • Planlegging av fysiske tilpassingar i heim, arbeid, skole, barnehage og av utemiljø.
  • Rettleiing i samband med universell bygging og innretting (med tilgang for alle).
  • Førebyggjande arbeid innan aktivitetar i dagleglivet ( heim / arbeid / skole / fritid ).
  • Ergoterapeuten er syns- og hørselskontakt i kommunen, og kan hjelpe med tekniske hjelpemidlar i høve til dette.

Hørselskontakta har ikkje noko med høyreapparat å gjere, men kan bistå i forhold til tekniske hjelpemidlar utover det. Har du høyreapparat dekker du allereide kriteria for å få hørselshjelpemidlar. Viss du ikkje har/aldri har hatt høyreapparat må du til audiolog for ein hørselstest. Ergoterapeut treng utskrift frå audiologen for å vurdere om du dekker kriteria før det kan søkjast på hørselshjelpemidlar.

Skal du søkje om synshjelpemiddel krev det ein rapport frå augelege eller optiker som bekreftar behovet for synshjelpemiddel.

Kven kan få tilbodet?

Alle som bur eller oppheld seg i Nord-Fron kommune kan få nytte seg av tenesta. Etter individuell vurdering gis tenesta til menneske med medfødte skader, forsinka utvikling, akutt sjuke eller skadde, kronisk sjuke, funksjonshemma eller dei med aldersrelaterte plager.

 

Korleis få tilbodet?

Brukar, foresatte eller pårørande kan ta direkte kontakt med ergoterapeut, heimetjenesta eller via ambulerande vaktmeister. Henvisning skal skje skriftleg.

Her er

Dette skal sendast til:

Ergoterapeut Hanne Megård
Sundheim Bo- og Treningssenter
Sundheimsvegen 30
2640 Vinstra

For at ergoterapeut skal kunne føre saka vidare, må brukar signere ei «Fullmakt i forbindelse med søknad om tekniske hjelpemidler». Dette får du etter oppretta kontakt med ergoterapeuten. Ved mange tilfelle er det behov for heimebesøk av ergoterapeut. Då må det avtalast eit heimebesøk, kor det blir utført ei kartlegging. Videre tiltak vil vere individuelle og du vil få meir informasjon under eit slikt heimebesøk.

Kva kostar det?

Tenesta er gratis.

 

Kontakt

Hanne Megård
Ergoterapeut
E-post
Telefon 61 21 64 09
Mobil 414 36 543

Opningstider

Alle dagar: kl. 08:00 - 15.30

Adresse

Sundheimvegen 30, 2640 Vinstra

Kart