Frisklivssentralen

Frisklivssentralen rettar seg mot personar som ønsker og har behov for livsstilsendringar.

Kva tilbyr vi?

  • Innleiande helsesamtale
  • Moglegheiter for fysisk testing og kroppsanalyse
  • Moglegheiter for deltaking i gruppetreninger i regi av fysioterapitjenesta (bassengtreninger, stavgangsgruppe, spinning, eigentreningsgrupper og gruppetrening i gymsal/apparatsal).
  • Kurskveldar
  • Midtvegssamtale
  • Sluttsamtale
  • Oppfølging etter behov
  • BraMat kurs - inspirasjonskurs for deg som ønskjer å få til ei varig endring av levevanar knytt til matvaner og matvarevalg. Kurset er utarbeidt av Helsedirektoratet og består hovedsakleg av teori, men også noko praktisk matlaging.
  • SovGodt kurs – Kurs for deg som har utfordringar med søvn
  • Røykesluttkurs
  • KID kurs – Kurs i meistring av depresjon, samarbeid med Rus og Psykisk helse

Deltakinga startar med ei individuell helsesamtale med frisklivskoordinator. Her blir din helsesituasjon kartlagt og det blir utarbeidt mål for frisklivsperioda, samt ein plan på korleis å nå måla.
I forkant av helsesamtalen skal kvar enkelt gjennomføre ei digital livsstilskartlegging. Deltakaren får tilsendt ein e-post med passord og link til eit e-helseverktøy som heiter Min Livsstil. Etter gjennomført kartlegging får deltakaren ein grundig og motiverande rapport som blir utgangspunktet for helsesamtala. I samtalene blir det særleg lagt vekt på eigenmeistring, ressursar, styrke og moglegheiter.

Kven kan få tilbodet?

Frisklivssentralen rettar seg mot personar som ønskjer og har behov for livsstilsendringar. Tilbudet vil ha særleg fokus på å stimulere til endringar av vanar knytt til fysisk aktivitet, kosthald og tobakk. Frisklivssentralen er ein del av kommunen sitt forebyggande helsearbeid, og målet er å forebygge sjukdom og plager for innbyggjarane i kommunen.

Korleis få tilbodet?

Mest vanleg er det at blir du henvist av fastlege, fysioterapeut, NAV eller anna helsepersonell, men det er og mogeleg å henvise seg sjølv. Ved oppstart må du levere ein frisklivsresept.

Her finn du frisklivsresept (PDF, 38 kB) for utfylling.

Kva kostar det?

Ein resept har ei varigheit på 3 måneder og kostar 300 kroner totalt. Du får då tilgang til alle tenestene som frisklivssentralen tilbyr. 

Opningstider

 

Måndag, tysdag og torsdag  kl. 08.00 - 15.15 

Adresse

Frisklivssentralen i Nord-Fron

Nedregt 34

2640 Vinstra

Telefon: 948 63 310

E-post: frisklivssentralen@nord-fron.kommune.no

 

 

Kart