Kvifor treng vi Nye Sundheim?
Nord-Fron står framfor store endringar i åra som kjem. Det blir fleire eldre, og det kjem til å mangle folk som jobbar innan eldreomsorga. Dette betyr at vi må planleggje for ei omsorgsteneste som fungerer godt også når det blir færre tilgjengelege hender.
Behova endrar seg, og byggmassen må tilpassast. Dagens bygg er ikkje tilpassa dei behova som kjem i framtida. Vi treng løysingar som gir ein god arbeidsdag – til dømes kortare avstandar, betre arbeidsflyt og mindre tid brukt på logistikk.
For å møte framtida på ein god måte må vi sørgje for:
- bygg som gjer det lett å jobbe saman og gi god kvalitet i tenestene
- omsorgsbustader som støttar heimebasert omsorg – folk får tenester der dei bur
- moderne og universelt utforma løysingar
- betre arbeidsdag for dei tilsette
- ein struktur som gir både bebuarar, pårørande og tilsette ein god kvardag
Prosjektet spring ut frå Overordna plan for sektor helse, som peikar på behovet for framtidsretta og samordna løysingar.