Sundheim Bo- og Treningssenter

Sundheim Bo-og Treningssenter

  

Våre pleie og omsorgstenester er samlokalisert til Sundheim Bo- og treningssenter. 

Organisering av tenestene

Sundheim Bo- og Treningssenter er organisert med to virksomheitsområde; Heimetenester og Institusjon. Heimetenesta består av avdelingane heimehjelp, heimesjukepleie og korttid/rehabilitering. Institusjon består av avdeling for langtid og Sundtunet (demensavdeling). Kvar avdeling blir leia av ein avdelingsleiar. Som ledd i ein større omstillingsprosess planlegg  Nord-Fron kommune våren 2020 å slå saman heimetenester og institusjonsbaserte tenester i eit nytt tenesteområde kalla pleie- og omsorgstenester.

Institusjonsplassar

Det er tilsaman 72 institusjonsplassar på Sundheim Bo- og treningssenter. Her tilbys det rehabilitering, kortids- og avlastningsplass, samt sjukeheimsplass. Langtidsavdelinga har tilsaman 54 plassar ( Øst, Vest og Sundtunet har 18 plassar kvar) og avdeling Korttid/rehabilitering har 18 plassar.

Lokala er nyleg rehabilitert og framstår som topp moderne.

Beste sjukeheimsmaten i landet

Sundheim Bo- og treningssenter vart kåra til vinnar av Gylne Måltidsøyeblikk i 2016. Om lag 200 institusjonskjøkken deltok i denne konkurransen arrangert av Landbruks- og matdepartementet.

I 2017 vart vår kjøkkensjef Espen Sætha kåra til Årets unge leiar av Kommunal Rapport. Ein stor pris til heder for kjøkkenet på Sundheim; til glede både for bebuarar og andre brukarar av kjøkkenet.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Opningstider

Alle dagar: 08:00 - 15:30

Tlf. 61 21 64 00

Adresse

Sundheimvegen 30, 2640 Vinstra

 

 

Kart