Nord-Fron kommune

Arrangement

Arrangement

Nord-Fron kommune har eit breitt spekter av store, årlege arrangement. 

Peer Gynt-stemnet

Klikk for stort biletePeer Gynt-stemnet er ein 10 dagar lang kulturfestival med teater, konsertar, kunstutstillingar, litteraturforedrag og arrangement for barn i byrjinga av august. Ved sidan av teatret ved Gålåvatnet er det eit vell av andre store og små arrangement, som kyrkjekonsert i Sør-Fron kyrkje, konserten ved utescena ved Rondane, og mange andre arrangement som varierar frå år til år. 

Heimesida til Peer Gynt

 

Country Music Festival Vinstra

Klikk for stort bilete Countryfestivalen blir arrangert i Kåja festivalområde på Vinstra, og trekker til seg eit stort antal besøkende fyste helg i juli kvart år. Countrymusikk set sitt preg på kommunen vår desse dagane, med både nasjonale og internasjonale countrystjerner. 

Heimesida til Countryfestivalen

 

Rondaståk

Klikk for stort bilete Rondaståk er ein fjellfestival som blir arrangert fyste helg i skoleferien ved Rondablikk på Kvamsfjellet. Festivalen har på få år vokse seg stor, og har hatt store nasjonale artistar på scena og eit godt besøkt arrangement. I tillegg tilbyr festivalen eit mangfald av tradisjonelle og utradisjonelle aktiviteter i løpet av festivalen. 

Heimesida til Rondaståk

 

Furusjøen rundt

Klikk for stort bilete Furusjøen rundt er ikkje eitt arrangement - men tre! Trippelarrangementet foregår rundt fjellvatnet Furusjøen, og er både eit ritt, løp og renn. Dei tre arrangementa har forskjellige klasser, også for barn. 

Heimesida til Furusjøen Rundt

 

Byfesten

Klikk for stort bileteHeilt sidan Vinstra fekk bystatus i 2013 har det vore arrangert Byfest helga nærast 1. september. Det foregår aktivitetar over heile byen, både for liten og stor, og fleire nasjonale kjende artister har besøkt Byfest-scena. 

Byfesten er arrangert av Nord-Fron kommune, og har som mål å skape stolthet, framtidstru og optimisme!

Facebook-sida til Byfesten

 

Harpefoss Hardcorefestival

Klikk for stort bileteHarpefoss Hardcore blir arrangert i på Harpefoss hotell i Sør-Fron kommune, med deler av arrangementet lagt til Nord-Fron. Festivalen trekker til seg eit publikum som ønskjer å oppleve musikk vi ikkje ser så ofte på konsertscener i Gudbrandsdalen, nemleg hardcore!

Heimesida til Harpefoss Hardcore

 

Liv Lågå

Klikk for stort bileteSkåbu Liv Lågå er ein årleg festival som forgår den tredje helga i juli kvart år. Målet til arrangementet er å samle bygdefolk, hyttefolk og tilreisande til forskjellige arrangement som skapar liv, trivsel og samhald. I løpet av helga det blant anna marknadsdag i sentrum, Skåburevyen, fjellpub, konsert, og utstillinger. 

Facebook-sida til Liv Lågå

 

Skåbu fjellmaraton

Klikk for stort bilete Skåbu fjellmaraton er eit sportsarrangement som tilbyr både heil- og halvmaraton, ultraløp og barneløp, og samlar mange entusiastar i oktober. I tillegg er det arrangement for alle involverte etter endt løp.

Heimesida til Skåbu fjellmaraton

 

Checkpoint Skåbu

Klikk for stort bileteGausdal Maraton er landets tredje største langdistanse hundeløp, og har Skåbu som eit sjekkpunkt. Checkpoint Skåbu nytter heile lokalsamfunnet og har mange samarbeidspartnarar i næringslivet som bidreg medan Skåbu er sjekkpunkt for løpet. 

Facebook-sida til Checkpoint Skåbu