UtlånsreglementHer kan du lese utlånsreglementet for Nord-Fron bibliotek! Utlånsregler for Nord-Fron bibliotek Du kan få nasjonalt lånekort som du kan nytte ved alle bibliotek i Noreg, eller lokalt lånekort. Lokalt lånekort kan kun nyttast ved Nord-Fron bibliotek. Det er gratis å låne på biblioteket. Ha alltid med lånekortet. Du er ansvarleg for alt som blir lånt på ditt kort. Meld adresseendring og tap av kort. Normal utlånstid er 4 -fire- veker. Enkelte medium kan ha kortere/lengre utlånstid. Lånetida kan som regel forlengast. Dette kan du gjere via heimesida til biblioteket eller ved å ta kontakt med biblioteket. Du kan be om å få lån frå andre bibliotek dersom det biblioteket du besøkjer ikkje har det materialet du er på jakt etter. For sein innlevering kan føre til gebyr. Tapt eller skada materiale må erstattast. For å få lånekort, må du vise godkjent legitimasjon og skrive under på at du har godteke reglementet. Er du under 15 –femten- år, må du ha underskrift av føresett for å få lånekort. Misbruk av biblioteket sine tenester kan medføre tap av lånerett. Dei tilsette på biblioteket har teieplikt. Lånekort Barn får eige lånekort frå 1. klasse. Barn under 15 år kan berre få lokalt lånekort. Alle andre kan få nasjonalt lånekort Lånetid4 veker.Bruk av lånekort Ta alltid med lånekort dersom du skal låne. Bruker du Bibliofil-appen har du også tilgang til lånekortet din på mobiltelefon. Du er sjølv ansvarleg for at personopplysningar du oppgjev er riktige og oppdaterte. Personopplysninger kan endrast på «Mine sider» på heimesida til biblioteket eller ved å gi beskjed til biblioteket. Oppgradering av lokalt lånekort til nasjonalt lånekort krev registrering av fødselsnummer, D-nummer eller DUF-nummer. Materiale som er til utlån kan reserverast. Du får melding via e-post eller SMS når det kan hentast. For sein innlevering og purregebyr (gjeld for vaksne)Purregebyr og erstatning 2026 Publisert 07.01.2022 12.41 Sist endra 06.01.2026 15.33