Dagsturhytta i Nord-Fron

Dagsturhytta i Nord-Fron ligg langs Tvellhaugråket på oversida av øvre Vinstra med fin utsikt over sentrum og dalstrøket.

Her kan du søkja ly, ta ei pause, ete matpakka di og få litt varme i deg. Senk skuldrene og nyt naturen. Du kan ha heile dagen her om du vil, men du kan ikkje overnatta inne i hytta.

Plasseringa av dagsturhytta stimulerer til god rekreasjon og ro i naturskjønne omgivnader.

Dagsturhytta i Nord-Fron er ein del av konseptet Dagsturhytta Innlandet, eit samarbeid mellom Sparebankstiftelsen DNB, Sparebankstiftelsen Hedmark, Innlandet fylkeskommune, kommunane, frivillige organisasjonar og grunneigarar.

Formålet med dagsturhyttene er å etablere ei dagsturhytte som er lett tilgjengeleg og som stimulerer til auka bruk av nærfriluftslivet. 

Her finn du link til kart som viser Dagsturhytta i Nord-Fron.